Meny
 
 
 
 
Tips oss
 
 
 
 
 
 
 
Annonse
Annonse
astrid_eidsvik_foto_helse_midtnorge_crop.jpg

Eidsvik inntar sjefsrollen

Astrid J. Eidsvik startar i jobben som prosjektleiar/rådmann for nye Ålesund, 2. januar.

Eidsvik går etter nyttår frå jobben som rådmann i Ålesund til prosjektleiar for å bygge nye Ålesund. Ho tar over som rådmann i den nye kommunen når den trer i kraft offisielt, 1. januar 2020, skriver Ålesund kommune i en pressemelding.

Som prosjektleiar og rådmann vil Eidsvik ha ein sentral rolle i å bygge og utvikle nye Ålesund i samarbeid med dei sittande rådmennene og dei fem deltakande kommunane for øvrig. Nye Ålesund består av Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund.

Eidsvik er i prosjektperioden blant anna ansvarleg for at arbeidet med å danne den nye kommunen skjer i tråd med vedtak gjort i fellesnemnda, og at vedtaka sikrar naudsynt framdrift for etablering av den nye kommunen. Prosjektleiaren skal saksforberede og innstille saker til politisk handsaming på same måte som ein rådmann.

Prosjektleiar har også tilsettingsmynde for stillingar i prosjektorganisasjonen og mynde til å overføre, innplassere og tilsette personell til den nye kommunen.

Kommunalsjef Liv Stette går inn i stillinga som rådmann i Ålesund kommune fram til skipinga av nye Ålesund kommune i 2020.
Torsdag 7. desember er Astrid Eidsvik med på sitt siste bystyre som rådmann i Ålesund.

Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
MaxLokal Nyheter
Se alle nyheter
 
Annonse
Annonse
Annonse
MaxLokal Nyheter
Mer